arrangement

Aug
12
to Aug 16

Fylkesbankens fotballskule 2019

12.-16. august arrangerer damelaget Fylkesbankens fotballskule på Kaupanger. Fem dagar med moro for alle i alderen 6-15 år.

 

Dei yngste aldersgruppene får prøve ut ulike aktivitetar gjennom veka. Her blir det både orientering, balleik, konkurransar, leik og moro. Dei som ønskjer å spele fotball kvar dag får sjølvsagt det J

Dame- og herrespelarane stiller som instruktørar.


- Me startar kvar dag kl 10.00 og sluttar kl 14.00.
- Matpause frå kl 11.30 - 12.00 (ta med mat og drikkeflaske).

- Ta med eigen ball (mekra med namn).

- Kle dykk etter vêret, gjerne eit klesskift dersom det regnar.


Pris: kr 700,- pr stk.
I tillegg til mykje kjekk aktivitet, serverer me saft kvar dag, og grillmat fredag.


Påmelding innan 1. juli ved å sende ein e-post til aase.neraas@hvl.no og å betale påmeldingsavgifta til

kontonummer. 3705.08.61776

NB! Hugs å merke innbetalinga med namnet på deltakaren.

Dersom nokon skal hentast/leverast på SFO på Kaupanger skule, må de skrive dette i påmeldingse-posten.

 

Har du spørsmål? -Kontakt Åse Neraas på e-post: aase.neraas@hvl.no, eller tlf. 917 64 903.


Velkommen til mykje moro og god aktivitet!

Skjermbilde.JPG
SSF.jpg
View Event →

Apr
6
to Apr 7

Jentefotballens SSF helg 6.-7. april - med oppdatert kampoppsett

Kaupanger IL har gleda av å invitere til “Jentefotballens helg” i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

  • Laurdag 6. april (2002-2004)

  • Søndag 7. april (2005-2009)

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minijente (2009): 5’ar eller 7’ar

  • Lillejente (2007-2008): 7’ar eller 9’ar

  • Småjente (2006-2005): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

  • Jenter(2002-2004): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding ved å fylle ut dette skjemaet innan 18. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 61776, merka med “Jentefotballens helg 2019”, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903  

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ei kjekk jentefotballhelg på Kaupanger!

Kampoppsett Jentefotballens helg laurdag 6. april.JPG
Kampoppsett Jentefotballens helg J10-14 år, søndag 7. april.JPG
SSF.jpg
View Event →
Mar
30
to Mar 31

Gutefotballens helg 30.-31. mars med kampoppsett

Kaupanger IL, i samarbeid med Toyota Sogn, har gleda av å invitere til “Gutefotballens helg”. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at gutane skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minigut (2009): 5’ar/7’ar

  • Lillegut (2008): 5’ar eller 7’ar/Lillegut (2007): 7’ar eller 9’ar

  • Smågut (2006-2005): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

  • Gutar (2002-2004): 9’ar eller 11’ar                                                                                                               

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding ved å fylle ut dette skjemaet innan 10. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 61776, merka med “Gutefotballens helg 2019”, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903.

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ein kjekk fotballdag på Kaupanger!

Påmeldte lag Gutefotballens helg 30. mars 2019.JPG
Kampoppsett Gutefotballens helg laurdag 30. mars.JPG
Kampoppsett Gutefotballens helg søndag 31. mars 2019.JPG
Toyota Sogn.jpg
View Event →
Apr
15
9:00 AM09:00

Gutefotballens dag 15. april - med kampoppsett

Kampoppsett søndag 15. april

Kampoppsett Øvre bane søndag 15. april.PNG
Kampoppsett Nedre bane søndag 15. april.PNG

Kaupanger IL, i samarbeid med Toyota Sogn, har gleda av å invitere til “Gutefotballens dag”. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at gutane skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minigut (2008): 5’ar
  • Lillegut (2007): 5’ar eller 7’ar/Lillegut (2006): 7’ar eller 9’ar
  • Smågut (2005-2004): 7’ar, 9’ar eller 11’ar
  • Gutar (2001-2003): 9’ar eller 11’ar                                                                                                               

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding på e-post til aase.neraas@hvl.no innan 30. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 38898, merkt med Gutefotballens dag 2018, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903.

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ein kjekk fotballdag på Kaupanger!

Toyota Sogn.jpg
View Event →
Jentefotballens SFF helg 7.-8. april med kampoppsett
Apr
7
to Apr 8

Jentefotballens SFF helg 7.-8. april med kampoppsett

Kampoppsett 04.04.18, laurdag 7. april (J 15-17)

Kampoppsett laurdag 7. april.PNG

Kampoppsett 04.04.18, søndag 8. april (J 11-14)

Kampoppsett søndag 8. april -øvre bane.PNG
Kampoppsett søndag 8. april -nedre bane.PNG

Kaupanger IL har gleda av å invitere til “Jentefotballens helg”. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

  • Laurdag 7. april: Jenter 15-17 år.

  • Søndag 8. april: Lillejenter 11-12 år og småjenter 13-14 år

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Lillejente (2007): 5’ar eller 7’ar/Lillejente (2006): 7’ar eller 9’ar

  • Småjente (2005-2004): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

  • Jenter(2001-2003): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding på mail til aase.neraas@hvl.no innan 18. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 38898, merkt med Jentefotballens helg 2018, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903  

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ei kjekk jentefotballhelg på Kaupanger!

SSF.jpg
View Event →
Foreldremøte Aldersfastlagd fotball
Jan
16
6:00 PM18:00

Foreldremøte Aldersfastlagd fotball

Det vert foreldremøte for alle som har spelarar i aldersfastlagd fotball i 2018 (11år til 17år) tysdag 16. januar kl 18.00 i klubbhuset.

Dagsorden:

KVALITETSKLUBB:

  • Klubbhandbok
  • Visjon og verdi
  • Organisering
  • Instruks trenarar og leiarar
  • Fair Play
  • Trafikksikker klubb

SPORTSPLAN

PLAN 2018

  • Struktur på lag

YMSE

MØTE PER LAG:

  • Trenarar og lagleiarar 2018
  • Arrangementgruppe Jentefotballens og Guttefotballens - 2 frå kvart lag
  • Turnering - dugnad
View Event →
Strategiseminar om damefotballen i fylket
Jan
13
10:00 AM10:00

Strategiseminar om damefotballen i fylket

Korleis skal me jobbe saman for å skape eit best mogeleg grunnlag for eit stabilt 1. divisjonslag i Sogn og Fjordane? Dette er temaet når fotballstyret i Kaupanger IL inviterer til strategiseminar i klubbhuset på Kaupanger idrettspark.

Fotballstyret har diskutert dette temaet i haust, og me vil gjerne invitere alle som er interessert i damefotballen i fylket til å vere med i diskusjonen om vegen vidare. Kva er dagens situasjon? Kor vil me? Korleis oppnår vi måla våre? Kva tiltak må setjast inn for å nå desse måla?

Det blir lagt opp til fire hovudtema med ei innleiing for kvart:
1. Sport (Edwin Hjelmhaug)
2. Organisasjon (Torgeir Strypet)
3. Økonomi (Trine Lerum Hjellhaug)
4. Kultur (Lasse Opseth)

I tillegg... informerer Kjell Ertesvåg om arbeidet i aldersbestemt fotball i KIL.

Me deler inn og diskuterer både i små grupper og plenum. Og so satsar me på stort engasjement, godt oppmøte og fruktbare diskusjonar for å forme vegen vidare.

Me stiller med enkel servering :)

View Event →
NFF Grasrottrenar del 1 onsdag 22.11 og torsdag 23.11
Nov
22
to Nov 23

NFF Grasrottrenar del 1 onsdag 22.11 og torsdag 23.11

NFF Sogn og Fjordane ønskjer at alle trenarar og lagleiarar på alle nivå er skulerte for ferdigheitsutvikling i fotball. Dette vil gje trenerane tryggleik i høve utøvinga av treningsarbeidet, men også påfyll til personleg utvikling. I tillegg til fagleg påfyll, ynskjer vi at dette skal vere ein sosial arena for utvikling av samhaldet i klubben og det å lære av kvarandre.

Kurset er eit lågterskelkurs – alle kan og bør ta kurset. Det vil gi auka kompetanse og motivasjon, og gjer ein tryggare i trenarrolla. De får også kunnskap kring bruk av  treningsøkta.no, noko som vil redusere planleggingstid.

 NFF Grasrottrenar (C-lisens) består av fire delkurs. Kurset er i regi av NFF Sogn og Fjordane og instruktør vil vere Einar Ylvisåker.

 Onsdag 22. november:

Kl. 17.00-21.00: Teori og praktisk økt med Einar som instruktør og deltakarane som objekt.                                          

Torsdag 23. november:

Kl. 17.00-21.00: Teori. Praktisk økt med  spelarar frå barnefotballen som objekt. Deltakarane er trenarar. Oppsummering og diskusjon om vegen vidare.

 Kurset vert i klubbhuset og på banene i Kaupanger Idrettspark.

View Event →
Avslutning for aldersfastlagd fotball 2017
Nov
7
6:00 PM18:00

Avslutning for aldersfastlagd fotball 2017

Fotballstyret ynskjer å arrangere ei felles avslutning i klubbhuset for dei 6 laga på aldersfastlagd fotball der vi m.a. deler ut pris for Årets Fair Play spelar og lagar til enkel kveldsmat til alle.

Vi har plass til ca. 80 i storstova, så då vert det ei samling for spelarane, trenarane og lagleiarane.

Fotballstyret

 

View Event →
JENTEFOTBALLENS SSF HELG 2017
Apr
1
to Apr 2

JENTEFOTBALLENS SSF HELG 2017

Kaupanger IL har gleda av å invitere til “Jentefotballens SSF helg” i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er like i forkant av seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

  • Laurdag 1. april: Jenter 15-17 år.                                                                      
  • Søndag 2. april: Lillejenter 11-12 år og småjenter 13-14 år

(Dersom det er stor påmelding i klassen 11-12 år, kan denne bli flytta til laurdag).

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Lillejente (2006): 5’ar eller 7’ar/Lillejente (2005): 7’ar eller 9’ar
  • Småjente (2004-2003): 7’ar, 9’ar eller 11’ar
  • Jenter(2000-2002): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding på mail til aase.neraas@hvl.no innan 13. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 38898, merkt med Jentefotballens helg 2017, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903  

Kampoppsett laurdag:

Kampoppsett laurdag

Kampoppsett laurdag

 

Kampoppsett søndag:

Kampoppsett søndag

Kampoppsett søndag

 

Kiosken er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ei kjekk jentefotballhelg på Kaupanger!

View Event →
GUTEFOTBALLENS DAG 2017
Mar
26
9:00 AM09:00

GUTEFOTBALLENS DAG 2017

Kaupanger IL har gleda av å invitere til “Gutefotballens dag” i samarbeid med Toyota Sogn. Dette er like i forkant av seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at gutane skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minigut (2007): 5’ar
  • Lillegut (2006): 5’ar eller 7’ar/Lillegut (2005): 7’ar eller 9’ar
  • Smågut (2004-2003): 7’ar, 9’ar eller 11’ar
  • Gutar (2000-2002): 9’ar eller 11’ar                                                                                                  

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding på e-post til aase.neraas@hvl.no innan 13. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 38898, merkt med Gutefotballens dag 2017, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903.

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ein kjekk fotballdag på Kaupanger!

View Event →
Foreldremøte for alle jentelag 11-17 år
Jan
17
7:30 PM19:30

Foreldremøte for alle jentelag 11-17 år

Det vert foreldremøte for alle som har spelarar på jentelaga våre i 2017 (11år til 17år) tysdag 17. januar kl 19.30 på lærarrommet på Kaupanger skule.

Dagsorden:

  • KIL 2017 – handlingsplan

  • Gjennomgang av hovudpunkt i sportsplan

  • KIL 2017 – struktur lag

  • Trenar og leiarar 2017 per lag

  • Gjennomgang av instruks i klubbhandbok.

  • Ymse

View Event →
Foreldremøte for alle guttelag 11-17 år
Jan
17
6:00 PM18:00

Foreldremøte for alle guttelag 11-17 år

Det vert foreldremøte for alle som har spelarar på guttelaga våre i 2017 (11år til 17år) tysdag 17. januar kl 18.00 på lærarrommet på Kaupanger skule.

Dagsorden:

  • KIL 2017 – handlingsplan

  • Gjennomgang av hovudpunkt i sportsplan

  • KIL 2017 – struktur lag

  • Trenar og leiarar 2017 per lag

  • Gjennomgang av instruks i klubbhandbok.

  • Ymse

View Event →
Dec
2
to Dec 3

Fotballfest 2016

Fredag 2. desember vert det fotballfest i Skogly. No har både unge og "gamle" meldt seg på. Ta med deg gode vener og bli med på moroa! Påmeldingsfristen er tysdag 29. november.

Komiteen vil med dette invitere alle som har bidrege inn mot i Kaupanger Fotball, med følgje, til årets fotballfest. Utan dykkar innsats hadde ikkje vi klart å halde oppe den aktiviteten vi har. Tusen takk!
 
Festen finn stad i Skogly fredag 2. desember. Det vert middag, underhaldning og live musikk. Med middagen følgjer dessert. Og det ein vil drikke til maten må ein sjølv ta med seg.
 
Set fotballskoa på hylla for kvelden, og ta på finstasen!
Dørene opnar 19.30, middagen byrjar 20.00.
 
Velkommen til ein skikkeleg KIL- kveld!
Påmelding skjer ved at ein betalar kr 300,- til   
kontonr: 3705.26.10479 innan 29. november.
VIKTIG: Innbetaling merkast med namn!
 
Har du spørsmål? Ta kontakt med
Ingrid Hagen: tlf. 901 44 798

Venleg helsing fotballfest-komiteen.

View Event →