arrangement


Jan
21
6:00 PM18:00

Kaupanger fotball inviterer til informasjonsmøte vedkomande etablering av KIL U15 som eit samlingsbasert regionstiltak

Godt nytt fotball-år!

 

Kaupanger fotball ønskjer å invitera leiarar og trenarar frå naboklubbane i Sogn til eit informasjonsmøte med føremål informasjon om tiltak for å gi jentespelarar i Sogn ein betre spelarutviklingsarena. Målet er å sikre at toppfotball også i framtida spelast i fylket vårt og på Kaupanger. Vidare har Kaupanger som eit av fleire overordna mål å bidra til fleire spelarar frå Sogn og Fjordane til norsk toppfotball.

 

Følgjeleg har Kaupanger fotballstyre vedteke oppstart av KIL U15 som eit samlingsbasert regionstiltak i mars/april 2019, som ein start på skrittvis etablering av eit utviklingsakademi i regi av Kaupanger. Kaupanger fotball ønskjer også å etablera eit utviklingslag KIL U19 på sikt, men oppstarten er avhengig av oppslutnad frå naboklubbar og tilgjengelege spelarar i Sogn. Sjå vedlagte informasjonsbrev for meir informasjon.

 

På møtet vil Kaupanger fotball presentere opplegget kring KIL U15 og vere opne for innspel og spørsmål frå dykk alle.

 

Vel møtt!

 

 

Beste helsing,

Stian Frøiland

Leiar dameutval Kaupanger fotballstyre

View Event →