Kaupanger Fotball

I Kaupanger fotball ynskjer me at fotball skal vere moro for alle. Me ynskjer å stå for sunne haldningar og bruke Fair-Play prinsippet. Kaupanger ynskjer å gi eit godt tilbod til barn og unge som er tilpassa den enkelte sitt nivå. Kaupanger ynskjer også å gi eit breiddetilbod på seniorsida slik at alle som vil har eit tilbod. På herrresida ynskjer vi å vere eit stabilt 4. divisjonslag med stort innslag av lokale spelarar frå Kaupanger. På damesida skal Kaupanger vere det leiande laget i fylket, og spele på høgast mogleg nivå.
 

Verdigrunnlaget vårt er:

Kompetent

Me ynskjer å ha god struktur på organisasjonen slik at me lagar eit grunnlag for kontinuitet og stabil drift. Me arbeider for at våre tillitsvalde skal vere skulerte til å gjere ein god jobb både sportsleg og administrativt.

Inkluderande

Alle rollar store og små, er viktige for at KIL skal bestå. Me behandlar kvarandre med gjensidig respekt og tillit, og alle som ynskjer å spele fotball i Kaupanger skal få lov til det.

Lagspelar

Saman gjer me kvarandre gode - internt i laga, mellom laga, mellom gruppene i idrettslaget og i bygda. Me er engasjerte i klubben vår.

 
Gjennom våre målsettingar og verdiar, ønskjer me å vere ein viktig samfunnsaktør i Kaupanger.