Revisjon av sportsplanen

I 2015 laga styret og sportsleg utval i KIL-fotball ein sportsplan med basis i NFF sine retningslinjer. No har sportsplanen fungert nokre år, og det er på tide med ein revisjon. Målet er å ha eit lett tilgjengeleg og levande hjelpemiddel for spelarar, trenarar, leiarar og foreldre med retningslinjer og progresjon for arbeidet med utvikling av fotballferdigheitene i KIL-fotball. Sportsplanen er retningsgivande og forpliktande for alle som deltek i arbeidet med klubben, og er det viktigaste styringsdokumentet for den sportslege aktiviteten. Planen er litt lang, og me har mål om å korte den ned til eit endå meir oversiktleg dokument. 

Målet er å ha ein ferdig revidert plan til bruk i førebuingane til 2019-sesongen. Difor ønskjer me at alle innspel skal sendast på e-post til aase.neraas@hvl.no innan 30. september. Sportsleg utval og fotballstyret skal gå gjennom innspela, og forme den reviderte planen. Den skal formelt godkjennast på årsmøtet til KIL.

Sportsplanen finn du her.