Nedre kunstgrasbane vert stengt frå 18.5 til 8.6

KIL skal i perioden 18.5 til 8.6 skifte dekke på nedre kunstgrasbane. Arbeidet skal gjennomførast av ekstern leverandør. Det vil likevel verte behov for noko dugnadsarbeid. Dette vil Morten Timberlid organisere.

Med ei bane i denne perioden, vil det verte utfordrande å gjennomføre alle treningar som planlagt. Alle treningar vert så langt det er mogleg flytta opp til øvre bane. I tillegg må dei yngste vere førebudd på at skulebana må nyttast til trening. Vi har flytta dei aller fleste kampane i denne perioden, kun dei yngste skal spele heimekampar på øvre bane i denne perioden. Treningstider vert sett opp av Kjell Ertesvåg.

 Vi ber alle om å vere fleksible og vere budd på at det ikkje vert optimale treningsforhold i denne perioden. Det kan hende at treningar må vike for kampar på øvre bane.

Med god kommunikasjon laga i mellom, skal dette gå fint. Vi gledar oss til vi får ny bane!

 

Desse kampane skal avviklast på øvre bane i perioden:

Skjermbilde.JPG

Kaupanger 16.4.2019

Styret i KIL fotball