Linni fekk Tullenprisen!

Utmerkinga fekk Nilsen under Miljøhelga i Førde laurdag. Sande-jenta legg ikkje skjul på at ho vart svært overraska då ho fekk vita at det var ho som hadde vunne.

- Det er veldig kjekt å få ein slik pris og det er ei stadfesting på at innsatsen min har blitt lagt merke til. 

- Eg vil takka familien, Terje Skjeldestad keeperskule og alle trenarar eg har hatt opp åra. Dei har betydd alt for eg har kome dit eg er i dag, sa Nilsen.

Tullenprisen 
Tullenprisen er rentene av eit fond oppretta av Rolf Seljeseth (Tullen), Florø SK. Seljeseth var ein sentral spelar og leiar i FSK gjennom ei rekkje år. Seljeseth viste si takksemd til fotballen i Sogn og Fjordane ved årleg å sette av ein fast pengesum på eit eige fond i fotballkretsen. Rolf ønskte at gode haldningar til idretten, positiv framferd, treningsiver og sportsleg dugleik skulle vere avgjerande kriterie for prisen. Prisen blir kun tildelt dei åra det er høvande kandidatar. Rolf Seljeseth gjekk bort 22.11.01, 78 år gammal.