Kvernhushaugen-kontrakt 2018

Idrettslaget har dei siste åra investert mykje i anlegg på Kvernhushaugen, og planlegg ytterlegare investeringar i framtida. Det er dei ulike gruppene i idrettslaget som må betale for drifta av desse anlegga gjennom anleggsleige til idrettslaget. Investeringane på Kvernhushaugen kjem alle i KIL til gode, og anlegget er ein viktig møteplass i bygda.

Vi har oppretta ein Kvernhushaugen-kontrakt der bygdafolket og andre kan vere med å bidra til drifta av anlegga, og vidareutvikling av Kaupanger Idrettspark. Målet er å selje 250 kontraktar à 500 kroner. Det blir trekt ut 11 gåverkort på 3000 kroner på Intersport. Inntektene blir fordelt på dei ulike gruppene etter ein fordelingsnøkkel vedteken av KIL.

No i september går representantar frå dei ulike gruppene i idrettslaget rundt til husstandane for å selje slike kontraktar. Me håpar de vil vere med på laget og ta godt imot dei!