Jentefotballens SSF helg 6.-7. april

Kaupanger IL har gleda av å invitere til “Jentefotballens helg” i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

  • Laurdag 6. april (2002-2004)

  • Søndag 7. april (2005-2009)

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at jentefotballen skal vere i fokus, der jentene skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minijente (2009): 5’ar eller 7’ar

  • Lillejente (2007-2008): 7’ar eller 9’ar

  • Småjente (2006-2005): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

  • Jenter(2002-2004): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding ved å fylle ut dette skjemaet innan 18. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 61776, merka med “Jentefotballens helg 2019”, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903  

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ei kjekk jentefotballhelg på Kaupanger!

SSF.jpg