1.divisjon: Medkila - Kaupanger

Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier dette om kampen:
- Siv Reagan Hickman scora dagens mål. Det var den unge spissen si første scoring i 1.divisjon, og den kom nøyaktig 20 minuttar etter at ho entra bana som innbytar. Det tykkjer Lindesteg Rinde er kjempekjekt.
- Eg håpar det blir fleire mål frå Siv framover. Me har behov for spissar som scorar mål, seier Lindesteg, som laurdag fekk oppleva ein tett kamp med mange duellar der spelet bølga att og fram

Laget stilte laurdag utan fleire sentrale spelarar, Åshild Haugen, Ingrid Jåstad og Lea Willumsen var alle utilgjengelige, men laget viste nok ein gong at dei ikkje gir seg utan kamp.

- Me  slit i periodar med eit aggresivt heimelag, i nokre periodar spelar me godt og får utlikninga på slutten. Det er godt. Spelarane overraskar gong på gong og tek stadig nye steg. Dei vil ikkje gje seg, vil ha poeng, seier han.

1.div kvinner:
Medkila - Kaupanger 1-1 (1-0)

1-0 Emilie Kristiansen (20.min)
1-1 Siv Reagan Hickman (81.min)

Dagens lag: Linn-Mari Nilsen, Stine Gjerde, Henriette Jagedal, Anna Gloppen, Jannike Orrestad, Lone Cirtozki (61.min, Siv Hickman), Ylinn Tennebø, Synne Vatshelle Raa, Tea Berteig, Andrea Henjesand (76.min, Marta Dalaker), Silje Torvanger.