Framsida

Me ynskjer Rasmus velkommen til klubben!

NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger fotball dame har tilsett Rasmus Olstad Semmerud i ei prosjektstilling som jente-/dameansvarleg krets og sportsleg leiar i KIL damer. Rasmus tek til i stillinga 19.11.2018.

Stillinga har ei varigheit på 2 år og er finansiert med prosjektmidlar henta konkret til dette prosjektet frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Svein Bakkes Minnefond og Norsk Tipping via Toppfotball Kvinner.

Rasmus er 26 år og kjem frå stillinga som dagleg leiar i Oslostudentenes Idrettsklubb. Ved sidan av denne jobben, har han trena Høybråten/Stovner i 2. divisjon kvinner.

Rasmus skal ha kontor i kretsen sine lokale på Fosshaugane Campus, men vil også vere mykje tilstades på anlegget vårt på Kaupanger.

Ta godt i mot han!

Styret i KIL fotball 

STOR SATSING PÅ JENTEFOTBALLEN I FYLKET

NFF Sogn og Fjordane følgjer opp den nasjonale trenden og satsar stort på jente- og damefotball. Ei eiga fagstilling (50%) dedikert til utvikling av jente og damemiljøa i fylket er ein viktig impuls for å løfte jente- og damefotballen og sikre betre utviklingsvilkår i breiddefotballen. Kaupanger damelag har klart å finansiere ytterlegare ei 50 % stilling som sportsleg leiar, slik at søkjarar med rette kvalifikasjonar kan få ei 100 % stilling lokalisert til Sogndal.  

Dette vil vere ei prosjektstilling over 2 år med moglegheit for vidare engasjement. Stillinga vil vere delt mellom krets og klubb, og kontoret blir på Fosshaugane Campus.

-Arbeidsoppgåvene i krets vil vere å skape aktivitet  for og med jenter, rekruttere fleire til fotballrørsla, auke kompetansen på alle nivå i tett samarbeid med andre fagtilsette, følgje opp NFF sin handlingsplan i høve jente- og damesatsing og elles anna utviklingsarbeid. Vedkommande vil vere i eit nasjonalt nettverk av klubbutviklarar, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust.

I Kaupanger damelag vil arbeidet vere i rolla som sportsleg leiar for damelaget med alt det medfører av oppgåver som rekruttering- og oppfølging av spelarar, sesongplanlegging, utviklingsarbeid i klubben og koordineringsarbeid mot samarbeidspartnerar.

-Kaupanger har eit mål om å vere eit stabilt 1. divisjonslag over tid. Det krev stort fokus på rekruttering og utvikling av klubb og samarbeid med andre. No får vi sjansen til å bruke ressursar på ein person som kan kombinere dette med arbeidsoppgåver i kretsen, noko som vil komme jente- og damefotballen i fylket til gode, seier leiar i Kaupanger fotball, Trine Lerum Hjellhaug.

Kaupanger har mellom anna fått finansiell hjelp lokalt frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. I tillegg bidreg Norsk Tipping gjennom Toppfotball Kvinner.  

-Utan desse samarbeidspartnerane hadde det vore umogleg å få på plass siste delen av stillinga. Midlane vi har fått er derfor øyremerka arbeidet for å utvikle jente- og damefotballen i fylket. Som flaggskipet innan damefotballen i fylket, skal vi vidareutvikle det arbeidet vi gjer i dag til det beste for damefotballen i fylket, seier Trine Lerum Hjellhaug.

NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger dame har jobba med prosjektet i heile vår, og går ut nasjonalt for å søkje etter rett person. Vi vonar at dette samarbeidsprosjektet vil gje betre utviklingsvilkår både i topp og breidde. Damer er oppfordra til å søkje.

Spørsmål om 50 % stilling i NFF Sogn og Fjordane

Kontakt: Svein Olav Myklebust/90103595                                                 

Spørsmål om 50% stilling i Kaupanger fotball

Kontakt: Trine Lerum Hjellhaug/97545091