1.divisjon: Åsane - Kaupanger

Dei grøne rauk 1-5 i bortemøtet med Åsane, og mista dermed sjansen til å klatra opp på sjetteplass i 1. divisjon.


- Dette var heilt forferdeleg, eigentleg. Me sleppte inn fire mål på dødball, og då hjelpte det ikkje kor mykje me spelte og skapte sjansar. Åsane var dødeleg effektive, men dette var likevel tafatt frå vår side, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde, og legg til:

- Me har vore defensivt solide i heile år, då er det trist at det skulle bli slik i den siste kampen. Det må eg vedgå. 

- Det hjalp heller ikkje på at me måtte spela med 10 spelarar dei siste 5-10 minuttane når me hadde brukt opp alle byta.

Åsane - Kaupanger 5-1 (2-0)

Lag: Linn- Mari Nilsen, Stine Gjerde (54.min, Marie Ruud Pettersen), Henriette Jagedal (54.min, Anna Gloppen), Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Andrea Henjesand (80.min, Siv Hickman), Synne Raa, Ingrid Jåstad, Silje Torvanger, Tea Berteig, Ylinn Tennebø.