1.divisjon: Nanset - Kaupanger

Trenar Øystein Lindesteg Rinde oppsummerte kampen slik:

Me veit at Nanset er eit hardtarbeidande og veldig tøft lag som er gode på dødball. Det utytta dei til gagns i dag ved å skåra på nettopp to dødballar, der me ikkje var heilt med. Eg er sant å seia litt skuffa i dag over at me ikkje er tøffare i eigen boks og handterer dei situasjonane der, seier han.

 

Kaupanger dominerte i følgje trenaren banespelet og gjorde i grunnen ein god kamp, men Nanset på si side jobba solid defensivt
- Dei ligg bakpå, dei jobbar hardt og dei nekta og rett og slett tilgang til gode målsjansar.
Me prøver å spela dei ut ved fleire høve, men lukkast ikkje heilt. Me manglar kanskje litt marginar òg. Hadde me fått eit mål i ein god periode, hadde det sikkert blitt annleis. Men mål pregar kampar, slik er det berre.

Før dagens kamp har Rinde fått ein ny spelar i troppen i Synne Vatshelle Raa, som er på lån frå toppserieklubben Sandviken, førebels ut sesongen. 
Ho spelte frå start i første kamp. 

- Og ho gjorde ein veldig god kamp, det er me godt nøgde med. Det er synd at ho startar her i Kaupanger med tap, sjøvlsagt, men elles er me veldig glade for den signeringa. Synne er ein midtbalespelar som er god med ball og veldig sterk i duellane, er forklaringa.

1. divisjon kvinner
Nanset - Kaupanger  2-0 (1-0)

1-0 Caroline Teigen Ralle (27. min)
2-0 Trine Akerholt Eid

 

Lag: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (73.min, Stine Gjerde), Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Andrea Henjesand (82.min, Anna Gloppen), Synne V. Raa, Ingrid Jåstad (90+2.min, Kristin Dvergedal), Ylinn Tennebø, Tea Berteig, Silje Torvanger.