1.divisjon: Kaupanger - Urædd

Kaupanger var overlegne i 2. omgang og skulle nok ha vunne kampen med større siffer. Trenar Øystein Lindesteg Rinde var uansett ein glad og letta mann etter kampen.

– Me gjer jobben og me er totalt overlegne. Me burde ha vunne mykje meir, men det viktigaste er uansett at me har sikra oss retten til å spela i 1. divisjon også i 2019.

– Jentene leverer ein fantastisk innsats på bana. Me slepp ikkje Urædd til nokon sjansar utanom at dei har eit par dødballar, men som me ryddar unna, seier Rinde.

Keeper Linn-Mari Nilsen legg til at det er sjukt herleg at dei no har berga plassen. Ho er også veldig glad for at laget heldt nullen.

– Det var kjempegodt. Laget jobba steinhardt og det viktigaste er at me tok tre poeng. Me presterer når det verkeleg gjeld.

Kaupanger - Urædd 2-0 (1-0)

21. serierunde, 1. divisjon kvinner, Kaupanger stadion, laurdag 27.10.2018

Tilskodarar: 300

Domar: Frank Heggestad, Sogndal IL

Gule kort: Mari Løyland Vassanyi, Urædd

Mål: 1-0 Tea Berteig, 38. min 2-0 Henriette Jagedal, 62. min

Kaupanger (4-2-3-1): Linn-Mari Nilsen, Stine Gjerde (Kristi Fondenes Vangsnes frå 90. min), Henriette Jagedal, Anna Gloppen, Jannike Orrestad Andersen, Synne Vatshelle Raa, Ingrid Lovise Jåstad, Andrea Henjesand (Marie Ruud Pettersen frå 86. min), Ylinn Tennebø, Silje Torvanger (Siv Reagen Hickman frå 89. min), Tea Berteig