1.divisjon: Kaupanger - Fløya

Etter 14 serierundar i 1. divisjon ligg Kaupanger på 6. plass på tabellen med 21 poeng. – Me har sagt heile vegen at me skal etablera oss i 1. divisjon og målet er å koma høgst mogleg på tabellen. Me ser oppover og ikkje nedover, seier Rinde. Kaupanger-trenaren førte laget til opprykk i fjor haust. Sjølv tenkjer ikkje han så mykje på plasseringar. – Det er ikkje noko me går rundt og tenkjer på, men det er alltid kjekt å setja nye milepælar. Men innstillinga vår er den same heile tida, nemleg å gå på bana for å vinna kvar einaste fotballkamp.

Rinde seier at laget er i flytsona om dagne. Onsdag tok J19-laget seg vidare til kvartfinale i NM-cupen og fredag valsa altså Kaupanger over Fløya. – Det viktigaste er at me er solide og vinn fotballkampar. Det skal vera vanskeleg å slå oss og det ser du mot Fløya. Det er ein tøff kamp og me er ute å køyrer i periodar, men me hentar oss inn og vinn til slutt fortent, seier Rinde.

1. divisjon kvinner, Kaupanger Stadion, 17. august kl. 15.00

Kaupanger - Fløya  3-0 (1-0)
1-0 Silje Torvanger (14. min)
2-0 Åshild Hereid Haugen (68. min)
3-0 Ingrid Lovise Jåstad (75. min)

Dommar: Ane Serine Dimmen, Volda

Assistentdommarar: Oda Bjelde, Sogndal og Frederick Kwihangana, Vik
 

Gult kort: Linn-Mari Nilsen, Kaupanger  

Kaupanger:
Linn-Mari Nilsen
Henriette Jagedal
Åshild Hereid Haugen
Jannike Orrestad Andersen
Anna Sandvik Gloppen (Kristi Fondenes Vangsnes 69. min)
Ingrid Lovise Jåstad
Silje Torvanger
Ylinn Tennebø (Stine Gjerde 46. min)
Andrea Henjesand (Marta Dalaker 85. min)
Tea Berteig
Vårin Laila Eriksen Ness

Fløya:
Eline Torneus
Sara Bruvik (Mona Karin Ophus-Johannessen 46. min) 
Veronika Sæthre
Kristin Hamnvik
Emma Ling Runesdatter Wilhelmsen
Katrine Meyer (Christine Bergvoll 70. min)
Vilde Bratland
Martine Fredrikke Hansen
Helene Sørensen (Christine Olsen 46. min)
Sandra Rebecca Nikolaisen Simonsen
Celine Emilie Nergård