1.divisjon: Kaupanger - Byåsen

Det såg lenge ut til at Byåsen skulle stikka av med sigeren. Men då det stod om lag 20 minutt att på klokka vakna Kaupanger. Dei kom til fleire store sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Den største sjansen fekk me då Lea Willumsen dribla alt og alle og kom seg forbi keeper, men set ballen utanfor mål. Silje Torvanger hadde også ein mega sjanse, men sklei då ho skulle avslutte.

I det 88.min fekk Kaupanger frispark i god posisjon. Ingrid Lovise Jåstad fekk ballen på ein retur frå Silje Torvanger, og satte den i mål.

Trenar Øystein Lindesteg Rinde sa dette til Sogn Avis
Det er ein tett og jamn kamp. Me kjem litt bakpå etter eit billeg baklengsmål. Men på slutten får me ei fortent utlikning. Me skapar ein del sjansar, difor er det herleg å få med seg eitt poeng. Me legg ned ein kjempeinnsats og får til slutt ei herleg scoring av Ingrid.

Kaupanger - Byåsen KF 1–1 (0-0)

1. divisjon, 12. serierunde, Kaupanger stadion, søndag 5. august.

0-1 Elise Johnsen 54. min.
1-1 Ingrid Lovise Jåstad 88. min.

Dommar: Brede Nymark, Sogndal IL

Kaupanger: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki, Henriette Jagedal, Åshild Hereid Haugen, Stine Gjerde (Anna Sandvik Gloppen 61.min), Ingrid Lovise Jåstad, Silje Torvanger, Ylinn Tennebø, Lea Vindelev Willumsen, Karianne Kvam Gurvin (Andrea Henjesand 61.min), Tea Berteig.