1.divisjon: Fart - Kaupanger


I dag gjorde me det veldig vanskeleg for oss sjølve med ein katastrofe av ein første omgang. Likevel er det positivt at me hevar oss som lag i andre omgang. Då kjem me meir med i kampen, utan at me produsera nokon store målsjansar. 

Fart vinne dagens kamp heilt fortjent og framstår som eit veldig godt organisert fotballag med mange gode offensive spelarar. Det vil overraska oss veldig om dei ikkje rykker opp til Toppserien. 

1. divisjon kvinner
Fart - Kaupanger 4-0 (3-0) 

Lag: Linn-Mari Nilsen, Anna Gloppen, Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Jannike Orrestad (84.min, Lone Cirotzki), Silje Torvanger (C), Marta Dalaker (46.min, Stine Gjerde), Synne Raa, Ingrid Jåstad, Andrea Henjesand (46.min, Siv Reagan Hickman), Tea Berteig.