1. divisjon: Øvrevoll Hosle - Kaupanger

Trenar Øystein Lindesteg Rinde meiner kampens første scoring seks minutt før pause må ta mykje av skulda for at det enda slik.

Heimelaget fekk eit billeg frispark etter hands, og Veronica Amundsen sette kula rett i krysset.

- Ballen blei skoten opp i handa på vår spelar frå 20 centimeter. Det er uforståeleg at det skal vera frispark, og at domaren ikkje har betre spelforståing enn det. Det blei vanskeleg for oss då dei fekk det første målet, dermed påverka den avgjerda utfallet av kampen, seier Rinde.

- Me gjekk inn i andre omgang med ei god kjensle, etter at me hadde vore ganske dominante før pause og skapt bra med sjansar. Like før dei gjekk opp i 0-2 hadde me dessutan eit skot i stolpen. Men me fekk avgjerdene mot oss, og var ikkje gode nok framfor mål. Då går det slik, seier Rinde.

1. divisjon kvinner
Øvrevoll Hosle - Kaupanger  2-0 (1-0)
1-0 Veronica Navestad Amundsen (39. min)
2-0 Sara Iren Lindbak Hørte (70. min)

Lag: Linn-Mari Nilsen, Anna Gloppen, Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Jannike Orrestad (88.min, Lone Cirotzki), Stine Gjerde (82.min, Siv Hickman), Ingrid Jåstad, Synne Raa, Tea Berteig, Silje Torvanger, Ylinn Tennebø.