arrangement

Back to All Events

Gutefotballens helg 30.-31. mars med kampoppsett


Kaupanger IL, i samarbeid med Toyota Sogn, har gleda av å invitere til “Gutefotballens helg”. Dette er like rundt seriestarten, og det vert eit fint høve til å få spele nokre treningskampar før kampen om poeng startar.

Alle lag får spele minimum 4 kampar ute på kunstgras, der kvar kamp varer i 1*28  minutt. Spelarar kan fritt flyttast frå ulike lag klubben har med.

Målsetjinga med helga er at gutane skal ha det kjekt med fotball, og ein skal få kamptrening utan fokus på resultat, sluttspel og tabellar. Det er inga premiering.

Klassar:

  • Minigut (2009): 5’ar/7’ar

  • Lillegut (2008): 5’ar eller 7’ar/Lillegut (2007): 7’ar eller 9’ar

  • Smågut (2006-2005): 7’ar, 9’ar eller 11’ar

  • Gutar (2002-2004): 9’ar eller 11’ar                                                                                                               

Påmeldingsavgift: kr 900-, per lag. Påmelding ved å fylle ut dette skjemaet innan 10. mars, og ved å betale til kontonummer: 3705 08 61776, merka med “Gutefotballens helg 2019”, og kva klubb og lag de betalar for.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åse Neraas på mail til: aase.neraas@hvl.no eller tlf. 917 64 903.

Kiosken og kafeen er open heile helga. Her får de kjøpt både varmt og kaldt.

Velkomen til ein kjekk fotballdag på Kaupanger!

Påmeldte lag Gutefotballens helg 30. mars 2019.JPG
Kampoppsett Gutefotballens helg laurdag 30. mars.JPG
Kampoppsett Gutefotballens helg søndag 31. mars 2019.JPG
Toyota Sogn.jpg