arrangement

Back to All Events

Fylkesbankens fotballskule 2019


12.-16. august arrangerer damelaget Fylkesbankens fotballskule på Kaupanger. Fem dagar med moro for alle i alderen 6-15 år.

 

Dei yngste aldersgruppene får prøve ut ulike aktivitetar gjennom veka. Her blir det både orientering, balleik, konkurransar, leik og moro. Dei som ønskjer å spele fotball kvar dag får sjølvsagt det J

Dame- og herrespelarane stiller som instruktørar.


- Me startar kvar dag kl 10.00 og sluttar kl 14.00.
- Matpause frå kl 11.30 - 12.00 (ta med mat og drikkeflaske).

- Ta med eigen ball (mekra med namn).

- Kle dykk etter vêret, gjerne eit klesskift dersom det regnar.


Pris: kr 700,- pr stk.
I tillegg til mykje kjekk aktivitet, serverer me saft kvar dag, og grillmat fredag.


Påmelding innan 1. juli ved å sende ein e-post til aase.neraas@hvl.no og å betale påmeldingsavgifta til

kontonummer. 3705.08.61776

NB! Hugs å merke innbetalinga med namnet på deltakaren.

Dersom nokon skal hentast/leverast på SFO på Kaupanger skule, må de skrive dette i påmeldingse-posten.

 

Har du spørsmål? -Kontakt Åse Neraas på e-post: aase.neraas@hvl.no, eller tlf. 917 64 903.


Velkommen til mykje moro og god aktivitet!

Skjermbilde.JPG
SSF.jpg