1. Linn-Mari Nilsen

17 ÅR

Linni er nok den på laget som har størst temperament. Ho er ikkje redd for å gi beskjed, noko som er ein god eigenskap, og som gir spelarane ein tryggheit då vi høyrer ho bak oss. Denne jenta reddar ballar ein ikkje kunne tenke seg at nokon kunne redda, og ho er verkeleg prikken over i-en i spelargruppa, då ho bidreg både med sprudlande humør og eit klokt fotballhovud.