Samarbeidsavtale

med Sogndal Fotball sidan 2021

Kaupanger IL, Sogndal Fotball og NFF Sogn og Fjordane har starta eit prosjekt der ein skal samarbeide om å gje jente- og damefotballen i regionen eit varig løft for å kunne ha eit stabilt førstedivisjonslag i Sogndal.  

Konkret skal ein lese kva ulike organisasjonsformer og samarbeidsmåtar som er best for å gi betre og meir berekraftige utviklingsvilkår for jente- og damesatsinga i regionen til NFF Sogn og Fjordane. Målet er å ha ei felles toppfotballsatsing i 2022. Arbeidet vil halde fram dette året, og for 2021-sesongen er det desse områda me skal samarbeide om:

  • Kaupanger spelar heimekampane sine på Campus Fosshaugane

  • Kaupanger trenar to økter i Sogndal og to økter på Kaupanger gjennom sesongen

  • Spelarane trenar gratis på Idrettsenteret Spenst

  • Morgonøkt i skuletida (samarbeid med vgs)

  • Spelarar som går på vgs og bur på hybel får tilbod om leksehjelp