Treningsleir i Tyrkia

I løpet av ei fantastisk veka i Tyrkia så gjennomførte me sju treningar og spela to kampar. Me trena på veldig gode grasbaner i fred og ro. Kvaliteten på øktene vart betre og betre ut over veka. Dette vart ei veke der me fekk kjenne på korleis ein profesjonell fotball kvardag kan sjå ut. Me brukte veka godt og kjem tilbake til Norge fornøgde med gjennomføringa. 

Onsdag møtte me Gneist og vann 5-1. Marta Dalaker, Siv Hickman, Kristin Dvergedal og Miriam Vilnes Mjåseth (2) skåra måla i den kampen. 

Fredag møtte me Fart og tapte knepent 1-0 i ein sjansefattig kamp. Deretter avslutta me treningsleiren med ein god middag og lett underhaldning. Både spelarar og støtteapparatet bidrog med veldig god og kreativ underhaldning til stor latter for alle. Ein kjekk avsluttning på veka!

Takk til alle som har bidratt med gåver og pengar slik at treningsleiren vart ein realitet. Takk til Kjersti Anita Thun frå Absolutt Sportsreiser og lokalmann Bekir som laga til eit veldig profesjonelt og godt opphald. Takk til Henriette Sandvik og Rita Orrestad for ein veldig god planlegging, organisering og gjennomføring av treningsleiren. 

KIL