Treningskamp: Kaupanger - Fortuna Ålesund

Laurdagens kamp vart spela på den flotte nye kunstgrasbana til Eid. 

Me kom under 1-0 etter 18.min og 2-0 etter 26.min. Me hang ikkje heilt saman og spelarane gjorde utruleg mange enkle upressa feil. Det skuffa oss veldig og me var ikkje til å kjenne igjen frå tidligare kampar. 

Ingrid Lovise Jåstad reduserte til 2-1 i det 43.min etter ein god kontring og ein god pasning frå Tea Berteig. Unge lovande Jåstad kom aleine med keeper og satte ballen enkelt i mål.  

Etter ein god pauseprat og tre rokkeringer på laget så heva me oss i andre omgang. Silje Torvanger burde skåra like etter pause etter eit innlegg frå Tea Berteig. Ballen gjekk dessverre utanfor stolpen.

Etter ein omdiskutert situasjon så utligna Tea Berteig til 2-2 etter 63.min, Ho bles ballen i krysset frå 30 meter. Vakker skåring!  Ballen var muligens utanfor sidelinja i situasjonen før, men spelet fortsatte og Tea utnytta det maksimalt. Det blir sagt at ein skal spele til dommaren blese.

Fortuna gjekk opp til 3-2 etter 69.min etter ein pasning i bakrommet. 

På slutten av kampen heada Silje Torvanger inn 3-3 etter ein god corner frå Tea Berteig. 

Alt i alt eit greit resultat i ein rotete og mindre god fotballkamp for vår del. Det er likevel sterkt å komma tilbake i kampen to gonger. Nå satsar me på ei god treningsveke inn mot første seriekamp mot Fart på laurdag 14.april kl 1500 på Kaupanger. Då satsar me i tillegg på at mange av våre skada spelarar som ikkje var med i dag vert klare igjen. 

Takk til Sogndal og Aina Kvam for at ho stilte opp som keeper i dag. Linn-Mari Nilsen er på samling med J19 landslaget og Ingeborg Osland og Anne Marte Lingjerde er skada. 

Me ønskjer Fortuna Ålesund lykke til i 2.divisjon og i jakten på opprykk. Går alt etter planen både på Kaupanger og i Ålesund så møtest me i 1.divisjon i 2019.

Kaupanger - Fortuna Ålesund 3-3 (1-2)
0-1 Katarina Dybvik Sunde (18. min)
0-2 Katarina Dybvik Sunde (26. min)
1-2 Ingrid Lovise Jåstad (43. min)
2-2 Tea Berteig (63. min)
2-3 Katarina Dybvik Sunde (69. min)
3-3 Silje Torvanger (90. min+1)

Laget: Aina Kvam, Kristi Vangsnes (46.min, Stine Gjerde), Henriette Jagedal (46.min, Anna Gloppen), Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Silje Torvanger, Ingrid Lovise Jåstad, Lea Willumsen (21.min, Marta Dalaker), Andrea Henjesand (46.min, Kristin Dvergedal), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth (84.min, Henriette Jagedal).