STOR SATSING PÅ JENTEFOTBALLEN I FYLKET

NFF Sogn og Fjordane følgjer opp den nasjonale trenden og satsar stort på jente- og damefotball. Ei eiga fagstilling (50%) dedikert til utvikling av jente og damemiljøa i fylket er ein viktig impuls for å løfte jente- og damefotballen og sikre betre utviklingsvilkår i breiddefotballen. Kaupanger damelag har klart å finansiere ytterlegare ei 50 % stilling som sportsleg leiar, slik at søkjarar med rette kvalifikasjonar kan få ei 100 % stilling lokalisert til Sogndal.  

Dette vil vere ei prosjektstilling over 2 år med moglegheit for vidare engasjement. Stillinga vil vere delt mellom krets og klubb, og kontoret blir på Fosshaugane Campus.

-Arbeidsoppgåvene i krets vil vere å skape aktivitet  for og med jenter, rekruttere fleire til fotballrørsla, auke kompetansen på alle nivå i tett samarbeid med andre fagtilsette, følgje opp NFF sin handlingsplan i høve jente- og damesatsing og elles anna utviklingsarbeid. Vedkommande vil vere i eit nasjonalt nettverk av klubbutviklarar, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust.

I Kaupanger damelag vil arbeidet vere i rolla som sportsleg leiar for damelaget med alt det medfører av oppgåver som rekruttering- og oppfølging av spelarar, sesongplanlegging, utviklingsarbeid i klubben og koordineringsarbeid mot samarbeidspartnerar.

-Kaupanger har eit mål om å vere eit stabilt 1. divisjonslag over tid. Det krev stort fokus på rekruttering og utvikling av klubb og samarbeid med andre. No får vi sjansen til å bruke ressursar på ein person som kan kombinere dette med arbeidsoppgåver i kretsen, noko som vil komme jente- og damefotballen i fylket til gode, seier leiar i Kaupanger fotball, Trine Lerum Hjellhaug.

Kaupanger har mellom anna fått finansiell hjelp lokalt frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. I tillegg bidreg Norsk Tipping gjennom Toppfotball Kvinner.  

-Utan desse samarbeidspartnerane hadde det vore umogleg å få på plass siste delen av stillinga. Midlane vi har fått er derfor øyremerka arbeidet for å utvikle jente- og damefotballen i fylket. Som flaggskipet innan damefotballen i fylket, skal vi vidareutvikle det arbeidet vi gjer i dag til det beste for damefotballen i fylket, seier Trine Lerum Hjellhaug.

NFF Sogn og Fjordane og Kaupanger dame har jobba med prosjektet i heile vår, og går ut nasjonalt for å søkje etter rett person. Vi vonar at dette samarbeidsprosjektet vil gje betre utviklingsvilkår både i topp og breidde. Damer er oppfordra til å søkje.

Spørsmål om 50 % stilling i NFF Sogn og Fjordane

Kontakt: Svein Olav Myklebust/90103595                                                 

Spørsmål om 50% stilling i Kaupanger fotball

Kontakt: Trine Lerum Hjellhaug/97545091