STOR GÅVE FRÅ SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE

Kaupanger Fotball sin generalsponsar, Sparebanken Sogn og Fjordane, var i dag tilstades på damekampen mellom Kaupanger og Medkila for å dele ut ei stor gåve til klubben. Gjennom banken sin eigar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, har banken i dag gitt 200 000 kroner til utvikling av jente- og damefotballen i fylket. Kaupanger har sidan 1985 vore det leiande damelaget i fylket. Kva prosjekt desse midlane skal gå til, vil styret i Kaupanger fotball komme tilbake til på eit  seinare tidspunkt. Kaupanger fotball er svært takksame for gåva og skal nytte den godt i det vidare arbeidet med å utvikle jente- og damefotballen i fylket. Tusen takk!

 Atle Hatleberg i Sparebanken Sogn og Fjordane delte ut gåva til leiar i Kaupanger fotball, Trine Lerum Hjellhaug.

Atle Hatleberg i Sparebanken Sogn og Fjordane delte ut gåva til leiar i Kaupanger fotball, Trine Lerum Hjellhaug.