Ny spelar på plass!

Det er med stor glede Kaupanger Damer kan presentere Lea Willumsen, som ny spelar for 2018-sesongen. Lea har trena med Kaupanger sidan desember, og har i perioden vist at ho vil vere eit solid tilskot til stallen, som skal kjempe i 1.divisjon. Den danske 24-åringen har tidlegare spelt for IF Centrum, Horsens SIK ,og i fjor for Sogndal Damer. Lea er midtbanespelar, som kan nyttast både sentralt og offensivt. Ho har solid speleforståing, er teknisk god, og har ein flott skotfot.

Til dagleg studera ho bachelor i friluftsliv, og avslører at interessa for friluftsliv, norsk natur og ski, lokka ho til Sogndal. Ho ser fram til å spele toppfotball att. Målet hennar for 2018 er spele seg inn i Kaupanger Damer, og bidra til at laget etablera seg i toppfotballen.

Velkommen til Lea!