NM Kvinner: Fyllingsdalen - Kaupanger

Med kun to dagar sidan sist fotballkamp mot Nanset så gjorde me seks endringar i startoppstillinga til dagens cupkamp mot Fyllingsdalen. Mange unge lovande spelarar fekk sjansen og dei skuffa ikkje. Det gjere dagens seier på bortebane mot Fyllingsdalen utruleg imponerande! 

Kampen sett under eit var jamn og tett med mange tøffe duellar. Begge lag hadde gode målsjanser til å score. Men det måtte ekstraomganger til før det vart mål. Som vanleg, så var det Miriam Vilnes Mjåseth som scora målet mot Fyllingsdalen, på eit vakkert utført frispark frå 20.meter. Ho avgjorde også heimekampen mot Fyllingsdalen i fjor i kampen om 1.plassen i 2.div. 

I neste runde håpar me på heimekamp mot eit toppserielag slik at me får laga ein skikkeleg folkefest rundt kampen! 

NM Kvinner
Fyllingsdalen - Kaupanger  0-0 (0-0) 0-1 etter ekstraomgangar

0-1 Miriam Vilnes Mjåseth (100. min)

Kaupanger: Ingeborg Osland, Stine Gjerde (81.min, Henriette Jagedal), Anna Gloppen, Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Silje Torvanger, Ingrid Jåstad, Kristi Vangsnes, Ylinn Tennebø (81.min, Andrea Henjesand), Lea Willumsen, Siv Hickman (67.min, Miriam Vilnes Mjåseth)

Ubenytta reserve: Tea Berteig