NM kvinner: Kaupanger - Sandviken

Kaupangerspelarane la ned ein enorm innsats i denne kampen og det såg lenge ut til at det skulle bli ekstra omgangar. Men nullen sprakk i det 89.min. Etter ein langpasning så datt ballen til slutt ned til Elida Knudsen som fekk satt ballen i mål. 

Det er alltid skuffande å tape fotballkampar. Det er ekstra skuffande å tape på slutten av ein kamp. I dag hadde me tru på at me skulle klare å slå Sandviken. Me følte også at det var mogleg undervegs i kampen. Det ville aldri bli lett, men hadde me vore meir presise på eit par overgangar og innlegg så kunne det fort blitt ei cupbombe.  Det vart det dessverre ikkje.

Me gratulera Sandviken med seieren!

Elles er det gledeleg å få tilbake kaptein Silje Torvanger på fotballbana. Ho har vore ute i nesten seks månader med skade. 

NM Kvinner, 2. runde
Kaupanger - Sandviken 0-1 (0-0)
0-1 Elida Knudsen (89.min)

Kaupanger: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki, Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen (74.min, Karianne Kvam Gurvin), Jannike Orrestad Andersen, Birte Øvsthus (76.min, Marie Ruud Pettersen), Andrea Hopen, Ylinn Tennebø, Vårin Ness (90+2, Silje Torvanger), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth

Ubenytta reserver: Ingeborg Osland, Marta Dalaker, Siri Sandvik, Rebekka Bergum Skaasheim.

Sogn Avis

Intervju med trenar Øystein Lindesteg Rinde