NM kvinner: Kaupanger - Arna- Bjørnar

Trenar Øystein Lindesteg Rinde sa dette til Sogn Avis:

Me visste at det ville bli tøft, då Arna-Bjørnar er eit godt fotballag. Men me prøver så godt me kan, og sidan me er skadeutsatt blei det mykje nytt inn i dag. Men me står på, og eg er imponert over spelarane som står distansen ut, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde.

Han var utan den sentrale offensive duoen Tea Berteig og Ylinn Tennebø i dagens kamp, i tillegg måtte ei småsjuk Vårin Ness erstatta skadde Marie Ruud Pettersen kort tid før pause. Dermed blei det ein del endringar i høve den vande startellervaren til Rinde.

- Det går på dette med kynisme. Me slepper til enkle mål, og blir straffa mot så god motstand. På same tid er dette læring, då det er ein god referanse å sjå det tempoet dei har i spelet sitt, seier Rinde.

Han er likevel spent på korleis dette kunne sett ut viss Kaupanger hadde halde på leiinga lenger.

- Me ligg greitt an på 1-0, så hadde me klart å halde på aggressiviteten litt lenger veit ein aldri. Men me gjekk tomme, gjorde nokre personlege feil og då prega måla kampen, seier han.

NM Kvinner, 2. runde
Kaupanger - Arna Bjørnar  1-4 (1-3)
1-0 Silje Torvanger (10. min)
1-1 Jamia Ayanna Fields (32. min)
1-2 Andrine Mo (45. min)
1-3 Vilde Bøe Risa (45. min+1)
1-4 Helene Lokøy Gloppen (56. min)

Lag: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (76.min, Marta Dalaker), Anna Gloppen, Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Jannike Orrestad, Ingrid Jåstad, Karianne, Kvam Gurvin (60.min, Kristi Vangsnes), Marie Ruud Pettersen (42.min, Vårin Ness), Lea Willumsen, Silje Torvanger. 

Link til måla