NM J19 Telenor Cup: Sandane - Kaupanger

God keeper
Kaupanger dominerte kampen frå start til slutt. Sandane hadde likevel ein god moglegheit til å score i 1.omgang og to i 2.omgang. Desse sjansane kom etter konsentrasjonssvikt og slurv av våre spelara. Det er rart med det når eit lag er så mykje betre enn det andre. Då er det fort å bli for komfortabel og miste konsentrasjonen. Men vår fantastiske keeper Ingeborg Romstad Osland redda meisterleg det som kom. 

Mange målsjansar
Me hadde tosifra med målsjansar og kunne med betre utteljing klart å vinne kampen med større margin. Likevel gjennomførte laget ein solid kamp, spela mykje god fotball og scora mange flotte mål. Sandane gav aldri opp, sjølv om dei vart springande mykje i mellom. 

Unge og lovande
Til pause stod det 0-3 etter mål av Siv Reagan Hickman, Ingrid Lovise Jåstad og Kristin Dvergedal. I andre omgang skåra me like godt tre nye mål. Siv Reagan Hickman, Anne Sandvik Gloppen og Haleema Hamilton Frøiland skåra måla i denne omgangen. Ekstra kjekt var det at Haleema fekk seg eit mål. Ho er ei talentfull jente som spelar til dagen på J15/17 til Kaupanger. Ho hospitera fast med a-laget kvar torsdag. Me hadde også med oss talentfulle Malin Ness frå J15/17. Begge gjorde eit godt innhopp og jobba steinhardt. 

Skade
Andrea Henjesand måtte dessverre ut med ein hovudskade etter at ho skalla med Malin i ein duell. Ho fekk ein enorm kul på kjaken, men det går etter rapportane bra med Andrea. 

Debut i grønt
Helena Navarsete spela sin første kamp for Kaupanger etter overgangen frå Sogndal tidligare i år. Ho har vore plaga med skadar og sjukdom sidan overgangen. No er ho på rett veg og me kryssa fingrane for gode og skadefrie treningsveker i vekene som kjem for Helena. Gratulera med den fyrste kampen i grøn drakt!

Lag: Ingeborg Romstad Osland, Stine Gjerde (K), Anna Sandvik Gloppen, Helena Navarsete (72.min Malin Ness), Lone Cirotzki, Sara Brandsdal (46.min, Lea Helgås Vågen), Ingrid Lovise Jåstad, Kristi Fondenes Vangsnes, Kristin Dvergedal (67.min, Haleema Hamilton Frøiland), Andrea Henjesand ( 74.min, Helena Navarsete, 82.min, Sara Brandsdal), Siv Reagen Hickman. 

NM J19 Telenor Cup
Sandane - Kaupanger   0-6 (0-3)

0-1 Siv Reagen Hickman (4.min) 
0-2 Ingrid Lovise Jåstad  (16.min)
0-3 Kristin Dvergedal  (34.min)
0-4 Siv Reagen Hickman (70.min)
0-5 Anna Sandvik Gloppen (86.min)
0-6 Haleema Hamilton Frøiland (90+1)