KJELL ERTESVÅG TILDELT NFF SITT HONORÆRE LEIARSTIPEND

Kjell Ertesvåg vart under NFF Sogn og Fjordane si miljøhelg i Førde 26.11-27.11 tildelt honorært leiarstipend frå NFF. Her er grunngjevinga:

Kjell har vore og er ein markant trenar på Kaupanger. Han har trent både herrelaget og damelaget, og har etter det vore trenar for aldersfastlagde lag på jentesida.

I alle desse åra har han teke stort ansvar for dei sportslege aktivitetane i klubben.

I dag er han trenar for småjentelaget til Kaupanger, samt sportsleg koordinator på jentesida. Neste år skal han trene jentelaget.

I tillegg til arbeidet for KIL, har han hatt oppgåver for fotballkretsen, som sonelag og akademilag.

Kjell har lagt ned og legg ned mange timar for klubben. Han veit kva som må til for jentespelarar som ønskjer å bli gode, og kan formidle dette. Han er ein engasjert, lojal person som er flink til å tenkje heilheit og byggjer tolmodig opp ved å leggje stein på stein. Han er tydeleg og set krav til spelarane og foreldra. Når Kjell snakkar, høyrer alle etter. Han er særs godt likt blant jentene han trenar og foreldra.

Vi gratulerer!