KIL U TESTAR UT NYTT KONSEPT I 2018

Vinteren 2016 starta KIL damer opp tiltaket KIL U. Målet var å samle dei mest talentfulle jentene, fortrinnsvis frå Indre Sogn, til ei kvalitetsøkt i veka på Kaupanger saman med jamnaldrande for å skape relasjonar og få referanse på nivået.Tiltaket heldt fram ut 2016 der ein mellom anna drog på Dana Cup med to samansette lag. J16 vann turneringa, og i dag er dei fleste spelarane frå dette gull-laget i troppen til KIL i 1.divisjon.

I 2017 drog KIL U på Gothia Cup der J16 kom til kvartfinalen. Det vart ikkje gjennomført treningssamlingar i 2017, men berre  denne turneringsdeltakinga i Sverige.

På bakgrunn av tilbakemeldingar frå klubbar og dialog med NFF Sogn og Fjordane, ynskjer KIL i 2018 å teste ut konseptet KIL U vidare, men i ei litt anna form enn tidlegare. Tiltaket i 2018 vil omhandle treningar og deltaking på turnering i august for jenter fødd i 2006 og 2005. Bakgrunnen for val av alder er at 12-åringar frå i år tek til på NFF sin landslagsskule. Troppen vil bestå av spelarar frå klubbar i Indre Sogn, der eit av kriteria er at ein har delteke på kretsen sin Coerver fotballskule vinteren 2018, eller er utteken på Sogn sitt sonelag for J13. Tiltaket skal evaluerast etter sesongen.