KIL fotball med julegåve til Sogndal statlege mottak

I 2016 har vi hatt eit svært godt samarbeid med Sogndal statlege mottak. 7 bebuarar frå mottaket har spelt på rekruttlaget i 6. divisjon herrer. Nokre av dei har også fått prøvt seg på a-laget i 4. divisjon. I tillegg har KIL fotball lagt til rette for at dei andre bebuarane på mottaket har fått tilgang på treningstider på banene våre. Godt utstyr er viktig. For at dei bebuarane som ikkje er ein del av rekruttlaget vårt skal få moglegheit til å ha gode treningar, har KIL fotball kjøpt inn ballar, kjegler og vestar til mottaket.  Utstyret vart overrekt til Tea Berteig som arbeider på mottaket denne veka.

Vi takkar for godt samarbeid og ynskjer alle på mottaket ei god jul!

Tea.jpg