Kaupanger Fotball og Toyota Sogn signerer ny sponsoravtale

Kaupanger Fotball og Toyota Sogn forlengar samarbeidet og inngår ny sponsoravtale for 2 nye år.  Med denne avtalen vil Kaupanger Fotball og Toyota Sogn ha hatt eit kontinuerleg samarbeid sidan oppstarten av damefotballen på Kaupanger midt på 80-talet. Toyota Sogn er ein av tre hovudsponsorar.

-Toyota Sogn og Kaupanger Fotball har samarbeida sidan 80-talet. Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit, og klubben har mange frivillige som har vore flinke til å utvikle anlegg som er vorte ein viktig møteplass. Begge ynskjer vi å bidra til utvikling av det samfunnet vi er ein del av, seier dagleg leiar Tor Arne Ness i Toyota Sogn.

Sidan den fyrste avtalen blei signert har Toyota Sogn gitt Kaupanger Fotball moglegheita til å ha eit godt tilbod for dei som vil spele fotball i Kaupanger.

-Toyota Sogn har vore med i medgang og motgang. Kaupanger er eit lite idrettslag, men har i alle år vore flaggskipet på damesida i fylket. I løpet av alle desse åra har Kaupanger levert spelarar til toppserieklubbar og landslag. Å klare å balanse breidde og topp hadde ikkje vore mogleg utan gode samarbeidspartnerar slik Toyota Sogn er og har vore, seier leiar i Kaupanger Fotball, Trine Lerum Hjellhaug.

to.jpg