Jotun-Kaupanger 7-0

Kaupanger tapte i kveld 7-0 mot Jotun. Resultatet gjev ikkje eit heilt korrekt bilete av kampen, då Kaupanger lenge var heilt på høgde med Jotun. På stillinga 2-0 hadde Kaupanger mange og store sjangsar, men i staden er det Jotun som er effektive og skårar mål. Gutane står på og kjempar heile kampen gjennom. To stolte trenarar som var vitne til masse fint spel og spelarar som held humøret oppe sjølv om resultatet ikkje går vår veg.