J 15-17 med siger over Syril!

Jentelaget hadde serieopning måndag, og det gjekk strålande! Motstandar var Syril, eit lag som jentene frykta. Men etter litt famling dei første 10 minutta, så festa jentene våre grepet og tok kontrollen! Til pause leia vi 2-0, og bekrefta sigeren med enda eitt mål i andre omgong, samtidig som vi heldt nullen. Alle spelarane gjorde ein svært god innsats, og jentene var godt organiserte og spelte som eit lag. 

Svært godt jobba, jenter, særleg med tanke på at dette var første 11-kampen i seriespel for dei aller fleste!