Treningskamp: Grei - Kaupanger

Heimelaget tok leiinga 1-0 etter 26.min etter eit langskot. Kaupanger kom tilbake og Silje Torvanger utligna til 1-1 etter 37.min. Silje fekk ein god pasning inn på fem meteren frå høgrekant Marta Dalaker. 

Fleire mål vart det ikkje. Totalt sett var Kaupanger det førande laget gjennom heile kampen, men begge lag hadde målsjansar til å stikke av med seieren. Alt i alt ein godt gjennomført kamp av eit ungt og spennande Kaupanger lag. 

Lea Vindelev Willumsen og Haleema Hamilton Frøiland spela begge sin fyrste kamp for Kaupanger. Lea viste positive takter på midtbane og jobba utretteleg gjennom heile kampen. Haleema spela til dagleg på Kaupanger sitt J17 lag og hadde eit positiv innhopp på slutten av kampen. 

Kampfakta: Grei - Kaupanger 1-1 (1-1)

1-0 Marlene Young (26.min)
1-1 Silje Torvanger (37.min)

Lag: Linn-Mari Nilsen (46.min, Anne Marte Lingjerde), Kristi Vangsnes (Andrea Henjesand, 61.min), Henriette Jagedal, Åshild Haugen, Stine Gjerde, Marta Dalaker, Ingrid Jåstad, Lea V. Willumsen, Silje Torvanger (83.min, Haleema Hamilton Frøiland), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth (Siv Hickman, 75.min).