God jul og godt nyttår!

Kaupanger fotball har lagt bak seg ein flott sesong. Damelaget rykka opp i 1. divisjon, herrelaget rykka opp i 4. divisjon og rekruttlaget i 3. divisjon damer vart kretsmeistarar. I tillegg har vi hatt mange gode prestasjonar i aldersfastlagd fotball. Også i år har Kaupanger hatt spelarar på landslagstiltak og kretstiltak.

I 2017 har vi vorte sertifisert som NFF Kvalitetsklubb, og det vert jobba godt på dommarsida og anleggssida. Vi har eit flott anlegg som vi er stolte av.

Å halde oppe dette aktivitetsnivået, hadde ikkje vore mogleg utan dei svært mange frivillige som legg ned ei stor mengde timar for klubben. Det er mange jobbar som ikkje er synlege, men utan at dei jobbane vert gjort, får vi ikkje til noko som helst.

Å halde oppe dette aktivitetsnivået, hadde heller ikkje vore mogleg utan alle dei gode samarbeidspartnerane og sponsorane våre.

Vi vil nytte anledninga til å takke kvar og ein av dykk som er med og bidreg i og for Kaupanger fotball.

No er vi i gang med førebuing til ein ny sesong.

Vi ynskjer dykk ei god jul og eit godt nyttår!

Helsing

Styret i Kaupanger fotball