God jul og godt nyttår!

Eit nytt år er snart over, og vi kan sjå tilbake på ein god sesong for fotballen på Kaupanger. Eg ynskjer å takke alle som har bidrege til eit flott år for KIL-fotballen. Det skjer mykje positivt på Kaupanger om dagen, og det arbeidet vi legg ned saman for fotballen er ein viktig del av utviklinga i bygda.

I år har vi hatt 4 seniorlag i seriespelet. Herrelaget enda på ein 9. plass i 4. divisjon for 2. år på rad, mens damelaget enda på ein 2. plass i 2. divisjon etter ein svært god haustsesong. Gledeleg i år er at vi også har hatt eit rekruttlag på herresida. Dei enda på 3. plass i 6. divisjon, mens rekruttlaget på dame enda på 4. plass i 3. divisjon. Eg vil spesielt trekke fram det samarbeidet vi har hatt med Sogndal statlege mottak i forhold til herre rekrutt. Det har vore eit flott samarbeid som vi håpar skal halde fram i 2017. 

Også i år har Kaupanger hatt spelarar på landslagstiltak på jentesida. Heile 5 landslagsspelarar og 1 representasjonsspelar. Det er flott.

Vi vann Dana Cup med eit samansett J16 lag frå fylket og vårt eige jentelag vart kretsmeistarar. I tillegg gjer dei aldersfastlagde laga våre det godt i turneringar dei deltek på. Det gror godt og det er også hyggeleg at vi har kretslagsspelarar både på jente- og gutesida.

Og ikkje nok med det – på miljøhelga til fotballkretsen i haust vart Tommy årets dommar i fylket og Erlend årets unge dommar. Kjell fekk honorært leiarstipend og vi fekk 5000 kroner for det arbeidet vi gjer på dommarsida. I tillegg var vi nominert til årets fair play klubb.

Vi har hatt ein flott sesong og vi har mykje bra å bygge vidare på i 2017. Utan innsatsen til alle frivillige, ingen klubb. La oss ta vare på den gode dugnadsånda på Kaupanger.

Takk til spelarar, trenarar og resten av støtteapparatet på seniorlaga!

Takk til spelarar, trenarar, lagleiarar og foreldre på aldersfastlagd!

Takk til dommarane, Torsdagsklubben, anleggsgruppa og arrangementgjengen!

Takk til sponsorane og samarbeidspartnerane!

Takk til alle som har vore publikum på kampane våre i år!

Med ynskje om ei god jul til dykk alle og alt godt for 2017!

 

Trine Lerum Hjellhaug - Leiar KIL fotball