3.div: Kaupanger 2 - Balestrand

Kaupanger 2 tok leiinga tidleg i kampen ved Kristin Dvergedal. Etter det var det ingen veg tilbake for Balestrand.  Etter mykje godt spel og total kontroll på kampen så stod det 5-0 til pause. 

I andre omgang vart det "berre" tre mål til. Kaupanger 2 hadde ein rekke målsjansar, men effektiviteten vart dårligare i denne omgangen. Balestrand fekk seg eit trøstemål på slutten av kampen. 

Dette var nok ein god kamp av det unge Kaupanger 2 laget! Laget skåra mange flotte mål etter godt spel. 

Det var ekstra gledeleg å ha måltjuven Siv Reagen Hickman tilbake etter mange veker ute med hamstringskade. Ho skåra to mål før ho vart tatt av etter 55.min. 

Kaupanger 2 - Balestrand 8-1 (5-0)
1-0 Kristin Dvergedal (4. min)
2-0 Kristi Fondenes Vangsnes (22. min)
3-0 Siv Reagen Hickman (34. min) 
4-0 Siv Reagen Hickman (37. min) 
5-0 Andrea Henjesand (40. min) 
6-0 Andrea Henjesand (47. min) 
7-0 Lise Helen Hollsten, straffe (66. min) 
8-0 Lea Lefdal Jenssen (72. min) 
8-1 Anne Aune (77. min)

Lagoppstilling