3.div: Kaupanger 2 - Tornado Måløy

Kaupanger 2 spela sin andre kamp på to dagar! Dei hadde likevel god kontroll på kampen og imponerte med mykje godt spel. 

Kristin Dvergedal (2), Lea Jenssen, Siv Hickman (2), Kristi Vangsnes skåra måla for Kaupanger 2 i 6-1 seieren. 

I dag hadde KIL2 med mange spelarar frå KIL sitt jentelag. Guro Evenstad Dalaker, Oda Hov, Jenny G. Ertesvåg og Sofie Aaberge Dale debuterte alle for KIL 2 i dag. Me gratulera! I tillegg var Sigrid Dalaker og Hanna G. Ertesvåg med frå jentelaget! Begge desse har tidligare spela kampar for KIL2. God innsats av alle!

Alt i alt ein veldig god vårsesong av KIL 2. Full pott og tabelltopp!

Link til kampfakta