2.div: Vestsiden-Askøy - Kaupanger

I fyrste omgang klarde me ikkje å få nok ro på spelet vårt. Heimelaget pressa og jobba på. All ære til dei for det. VA tok leiinga etter 4.min då ein spiss plukka opp ein retur frå Linni.

Me kom oss inn i kampen etter kvart og fekk til ein del innlegg. Dei resulterte dessverre ikkje i mål. Heimelaget kunne då gå til pause med 1-0 leiing.

I andre omgang køyrde me over heimelaget. Tea Berteig utfordra høgrebacken til heimelaget gang på gang og fekk tre brukbare målsjansar. Ein god VA keeper stoppa dei forsøka. Rebekka Bergum Skaasheim kom også aleine med keeper, men sette den utanfor. 

Til slutt kom utligninga. Tea drog seg fri og fann Miriam Vilnes Mjåseth på bakerste stolpe. Ho sette ballen kaldt i mål til 1-1.

Tre min før slutt heada innbyttar Vårin Ness inn 1-2.  Då var seieren i boks og Kaupanger tok ein fortjent siger!

Laget: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirtozki (86.min, Vårin Laila Eriksen Ness), Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen, Ylinn Tennebø, Karianne Kvam Gurvin (55.min, Marie Ruud Pettersen), Andrea Hopen (67.min, Birte Øvsthus), Tea Berteig, Rebekka Bergum Skaasheim (88.min, Andrea Hopen), Miriam Vilnes Mjåseth (89.min, Silje Torvanger)

Vestsiden-Askøy - Kaupanger1-2 (1-0)
1-0 Helena Ask (4. min)
1-1 Miriam Vilnes Mjåseth (68. min)
1-2 Vårin Laila Eriksen Ness (87. min)

 

Sogn Avis

Porten.no