2.div: Silly season

Etter vårsesongen har det skjedd ein del endringar i troppen til Kaupanger. Rebekka Bergum Skaasheim, Synnøve Bergum Skaasheim, Vårin Ness og Birte Øvsthus har alle reist frå klubben. 

I vårsesongen spela Rebekka åtte kampar og skåra eit mål. Synnøve starta fyrste seriekamp mot Fana, men ho vart stygt takla og var ute heile vårsesongen med skade. Vårin spela seks kampar og skåra fire mål. Birte spela ti kampar og skåra fire mål. 

Me takka alle for innsatsen og ønsker dei lykke til vidare!

Kaupanger har signert Henriette Jagedal frå Skeid og Elemine Josefine Ellingsund Øyra frå Førde. Me ønsker dei velkommen til klubben!