2.div: Sandviken 2 - Kaupanger

Etter ein god fyrste omgang så klarte me utruleg nok å ligge under 2-0 til pause. Me burde eigentleg leda med mange mål, men spelarane klarde ikkje å overliste ein god Sandviken 2 keeper. 

I andre omgang henta me opp igjen leiinga til Sandviken 2. Silje Torvanger og Miriam Vilnes Mjåseth skåra måla for Kaupanger. Eit massivt press på slutten av kampen burde resultert i tre poeng, men det ville seg ikkje. Nok ein gong var motstandaren sin keeper ein av dei beste spelarane på bana.

Neste laurdag møter me Arna Bjørnar 2 på heimebane i 2.div. Den kampen starta kl 16. Merk deg tidspunktet.

Men allerede onsdag skal mange av a-spelarane i aksjon i J19 NM kampen mot Fortuna Ålesund. Den kampen startar kl 1800.

Kampfakta: Sandviken 2 - Kaupanger 2-2 (2-0)
1-0 Marina Heggernes Jensen (20. min)
2-0 Madeleine Veivåg(22. min)
2-1 Silje Torvanger (61. min)
2-2 Miriam Vilnes Mjåseth (81. min)

Gult kort: Miriam Vilnes Mjåseth

Lag: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (68.min, Karianne Kvam Gurvin), Ingri Ness (90.min, Marta Dalaker), Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen, Silje Torvanger (80.min, Elemine Ellingsund Øyra), Marie Ruud Pettersen (77.min, Ingrid Jåstad), Ylinn Tennebø, Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth