2.div: Klepp 2 - Kaupanger

Det enda med eit 1-0 tap på Klepp Stadion. Kampen sett under eitt var me det beste laget. Det hjelper dessverre lite når me ikkje skåra mål. Nok ein gong var motstandaren sin keeper ein av dei beste på bana. Me bomma også på straffe og slapp inn eit skikkeleg rotemål. I tillegg gjekk mange av avslutningane våre både over og utanfor mål. Då blir de vanskeleg å vinna fotballkampar. 

Sjølv om det vart tap leda me likevel avdelingen! No er fokuset på neste kamp og me satsa alt på å få ei god treningsveke. Laurdag kjem Haugar på besøk kl 1300.  Då håpar me på fulle tribuner og stor støtte! No skal me avslutta vårsesongen skikkeleg!

Klepp 2 - Kaupanger1-0 (1-0)
1-0 Sofie Sægrov Eiane (28. min

Laget: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (72.min, Silje Torvanger), Ingri Ness, Åshild Haugen, Jannike Orrestad (81.min, Karianne Kvam Gurvin), Birte Øvsthus (68.min, Marie Ruud Pettersen), Andrea Hopen, Vårin Ness, Ylinn Tennebø, Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth (84.min, Stine Gjerde).

Sogn Avis