2.div: Kaupanger - Sandviken 2

Kaupanger tok i mot eit godt Sandviken 2 lag til kamp søndag ettermiddag.

Fyrste omgang var jamn, men Kaupanger hadde både ballen mest og dei fleste målsjansane i denne omgangen. Det stod 1-0 pause etter ein flott skåring av Miriam Mjåseth. Ho kom aleine med keeper og gjorde ingen feil.

I andre omgang auka Birte Øvsthus leiinga til 2-0 etter eit vakkert gjennomspela av Andrea Hopen. Birte la like godt ballen i vinkelen. Miriam auka leiinga til 3-0 med eit kanonskåt frå 18 meter. På overtid prikka Rebekka Bergum Skaasheim ballen i vinkelen til 4-0.

Tre poeng, fire mål og null baklengs! Det er også verdt å ta med seg at Sandviken 2, med mange gode spelara frå fyrstelaget sitt,  nesten ikkje hadde ein målsjanse gjennom heile kampen. 

Takk til publikum, dommartrio og Sandviken 2 for kampen. Det vart ein flott fotballkamp i solskinnet på Kvednhushaugen.

I tillegg må me gratulera Andrea Henjesand (15 år) med debuten i dag! 

Laget: Linn-Mari Nilsen, Siri Sandvik (Lone Cirotzki 71.min), Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen (Andrea Henjesand 84.min), Ingri Ness, Andrea Hopen (Marta Dalaker 71.min), Karianne Kvam Gurvin (Ingrid L. Jåstad 66.min), Rebekka Bergum Skaasheim, Miriam Vilnes Mjåseth (Kristin Dvergedal 78.min), Birte Øvsthus (Stine Gjerde 84.min), Tea Berteig (C)

Ubenytta reserve: Anne Marte Lingjerde

Link til Sogn Avis og video frå kampen

Link til Porten.no