2.div: Kaupanger - Førde

Det stod 0-0 til pause. Kaupanger var det beste laget, men produserte ikkje alt for mange målsjansar. Førde hadde likevel meir enn nok med å henge med og bytte spelarane sine ofte.

I andre omgang kom endeleg skåringa. Kaupanger spela seg fint ut bakfrå og ballen enda til slutt hjå storskårar Miriam Vilnes Mjåseth. Ho gjorde ingen feil og sendte Kaupanger opp i leiinga 1-0  etter 56.min.

Miriam er nokon minutt seinare frampå med ein stupheading. Førdekeeperen redda meisterleg. Kaupanger har elles eit par farlege dødballar som sprett rundt inne i førdefeltet. I tillegg smell Tea Berteig ein ball i stolpen og ut. 

Likevel lever kampen heilt fram til Birte Øvsthus auka leiinga til 2-0 i det 90.min.  Miriam drog seg fint fri og la eit godt innlegg til Birte. Ho tok ned ballen på brystkassa og vendte enkelt vekk ein førdeforsvarar. Aleine med keeper satte ho ballen sikkert i mål!

Tre poeng, to flotte mål og null baklengsmål i mot. Det er også positivt at me aldri slapp Førde til framføre målet vårt. 

Nå ser me fram mot neste helg. Då møter me Hinna i Stavanger! 

Laget: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (90+2.min Dina Beate Lerum), Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen (87.min, Stine Gjerde), Birte Øvsthus (90.min, Andrea Henjesand), Andrea Hopen (77.min, Marta Dalaker), Karianne Kvam Gurvin (85.min, Kristi Vangsnes), Tea Berteig, Rebekka Bergum Skaasheim (77.min, Kristin Dvergedal), Miriam Vilnes Mjåseth.

Ubenytta reserve: Anne Marte Lingjerde.

Kaupanger - Førde2-0 (0-0)
1-0 Miriam Vilnes Mjåseth (56. min)
2-0 Birte Øvsthus (90. min)

Sogn Avis

Porten