2.div: Kaupanger - Fana

Kaupanger hadde eit massivt trykk mot Fana igjennom heile kampen, men det var bortelaget som tok med seg poenga heim. Både Miriam Mjåseth og Marie Ruud Pettersen traff tverrliggar i denne kampen. I tillegg hadde me ein haug med målsjansar som me ikkje satte i mål.

Skuffelsen var enorm da dommaren bles av kampen. Likevel er det berre å stå på og sjå fram mot neste helgs kamp borte mot Sandviken 2. 

Laget: Linn-Mari Nilsen, Henriette Jagedal (45.min, Karianna Kvam Gurvin), Ingri Ness, Åshild Hereid Haugen, Jannike Orrestad Andersen (67.min, Lone Cirotzki), Silje Torvanger, Andrea Hopen (86.min, Kristi Vangsnes), Ylinn Tennebø, Marie Ruud Pettersen (74.min, Marta Dalaker), Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth.