2.div: Kaupanger - Bryne

Kaupanger skåra tre mål før pause. Alle tre måla kom etter godt spel på høgresida. 

1-0 kom etter 31.min. Birte sendte eit godt innlegg langs bakken til Miriam. Ho kom framføre brynestopparen og satte kontant inn 1-0.

2-0 kom etter 41.min. Lone svinga ein krossar på bakerste stolpe. Der dundra Tea Berteig ballen i mål. 

3-0 kom eit min etterpå. Tea var frampå på nok eit innlegg frå Lone. Keeperen til Bryne gav retur på innlegget. Tea hadde ingen problem med å setta returen sikkert i mål.

I det 69.min auka Miriam leiinga til 4-0. Åshild Haugen slo ein lang pasning i bakrommet og Miriam runda ein stoppar før ho sette ballen enkelt i mål.

Bryne reduserte til 4-1 ved Oline Øfsteng i det 78.min etter eit langskot. 

Kaupanger gjorde sju byter i andre omgang. Ein av dei var 15 år gamle Ingeborg Romstad Osland som kom inn til sin fyrste kamp i 2.div! Me gratulera deg med debuten!

Kaupanger - Bryne4-1 (3-0)
1-0 Miriam Vilnes Mjåset (31. min)
2-0 Tea Berteig (41. min)
3-0 Tea Berteig (42. min)
4-0 Miriam Vilnes Mjåset (69. min)
4-1 Oline Øfsteng (78. min)

Laget Linn-Mari Nilsen (Ingeborg Romstad Osland frå 88 min.), Lone Cirotzki (Marta Dalaker frå 85. min), Åshild Heried Haugen, Ingri Ness, Jannike Orrestad Andersen, Birte Øvsthus (Siri Sandvik frå 85. min), Ylinn Tennebø (Ingrid Lovise Jåstad frå 70. min), Karianne Kvam Gurvin (Andrea Hopen frå 63. min), Tea Berteig (Rebekka Skaasheim frå 51. min), Vårin Laila Eriksen Ness, Miriam Vilnes Mjåseth (Marie Ruud Pettersen frå 74.min)

Sogn Avis

Porten