2.div: Kaupanger - Avaldsnes 2

Kaupanger møtte eit ungt og heiltent Avaldsnes 2 lag. Likevel produserte Kaupanger tosiffra målsjansar totalt i kampen. Ei god Hildegunn Sævik i Avaldsnes 2 målet hindre stortap for bortelaget. Resten av laget hadde også ein god arbeidsmoral og stod på. Når det er sagt så vann Kaupanger fortent og befesta sin posisjon på tabelltoppen!

1-0: Marie Ruud Pettersen skåra det fyrste målet etter 31.min. Ho fyrte av eit skot med venstrefoten som låg limt i krysset. Ein god Avaldsnes 2 keeper hadde ikkje sjans.

2-0: Eit fantastisk angrep. Andrea Hopen og Åshild Haugen småspela på ventresida. Ballen vart vendt inn sentralt til Ylinn Tennebø. Ho sendte den vidare til Stine Gjerde på høgresida. Stine  slapp ballen vidare ut til Vårin Ness på kanten. Vårin la ballen inn til Rebekka Bergum Skaasheim, som sendte ballen vidare til Tea Berteig. Tea sendte den inn til Miriam Vilnes Mjåseth, som heada inn 2-0!

2-1: Ein rekke håplause innvolveringar enda med at ballen vart spela upresist inn i eigen sekstenmeter. Då vart det enkelte for Malin Akselberg å sette ballen aleine med keeper Linn-Mari Nilsen. 

Neste søndag er det bortekamp mot Klepp 2. No er me klare for ei ny og god treningsveka! 

Laget: Linn-Mari Nilsen, Lone Cirotzki (56.min, Stine Gjerde), Ingri Ness, Åshild H. Haugen, Jannike Orrestad, Birte Øvsthus (56.min, Vårin Ness), Ylinn Tennebø (81.min, Karianne Kvam Gurvin), Marie Ruud Pettersen (56.min, Andrea Hopen), Rebekka Bergum Skaasheim, Tea Berteig, Miriam Vilnes Mjåseth (76.min, Silje Torvanger).


Kaupanger - Avaldsnes 22-1(1-0)
1-0 Marie Ruud Pettersen (31. min)
2-0 Miriam Vilnes Mjåseth (69. min)
2-1 Malin Akselberg (80. min)

Sogn Avis 

Porten.no